Politisk system: Republikk
Statsoverhode: President Mwai Kibaki, tiltredelsesdato: 30.01.2007
Regjeringssjef: President Mwai Kibaki
Statsminister: Raila Odinga, tiltredelsesdato: 17.04.2008
Utenriksminister: Hon. Moses Wetangula. tiltredelsesdato 08.01.2008
Innanrikspolitikk
Den innanrikspolitiske situasjonen er prega av regjeringas handlingslamming og mangel på reform, trass dei mange utfordringane landet står ovanfor. Folket krev ei reformvennleg, styringsdyktig regjering, men få konkrete politiske endringar er til no kome.
Årsakene til at reformkreftene no er så svake finn ein delvis i den politiske avtala av 28. februar 2009. Den nyoppretta statsministerstillinga tiltenkt Odinga skulle vere likeverdig presidenten i makt. Statsministeren skulle jobbe fram reform gjennom sitt koordinerings- og overoppsynsansvar. Avtala utelèt derimot å klart definere ei likedeling av makt mellom partane. Avklaringar rundt Statsministerens makt vart heller utsett til seinare. Gjennom talrike tapte slag mellom PNU og ODM, om både posisjonar og reformpolitikk, har Statsministeren blitt svekka, og gjennom dette også hans reformmandat. Klimaet har vorte forsura, og tverrpolitisk dialog om reformspørsmål har vorte vanskeleggjort.
Dette vart også klart kommunisert gjennom tidlegare justisminister Martha Karua sin avgang i byrjinga av april 2009. Karua kan nok tolkast som å ha gått av grunna fleire omsyn, men det ho framheva sjølv at hennar reformpolitikk direkte vart undergrava av regjeringa, og ei gruppe rundt Kibaki. Karua såg behov for reform, i alle fall minimumsreform av politi og justisvesen. Når ho ikkje lenger kunne bidra tok ho sin hatt og gjekk, i det som var ein dramatisk avskjed og eit vitnesbyrd om den altfor snevre reformopninga i regjeringa.
Strid om leiarskap, posisjonar og alliansebyggjing i delar av det politisk miljøet til dels fortrengt reformdebatt og reformkreftene sitt spelerom i Kenya sidan valet i 2007. Noko har likevel vorte gjort og sett i verk. Fleire lover er skrive og vedteke, kommisjonar har avlevert sine rapportar og nokre einskilde institusjonar er under oppbygging som respons på den politiske krisa i 2008. Positivt er det dømesvis at landet no har eit grunnlovsutkast til diskusjon som resultat av ein av desse kommisjonane. Den politiske vegen fram mot ei evt. folkeavstemning er derimot tornefull, og ein kan risikere at denne prosessen havarerer. Det såg ein sist i det regjeringa ikkje lukkast å få på plass ein lokal prosess for straffeforfølgjing av skuldige i valden etter valet i eit Spesialtribunal.
Grunnlovsrevisjon og valreform
Det har lenge eksistert ei stor folkeleg misnøye med den kenyanske grunnloven frå 60-talet. Det mest omstridde er at grunnloven samlar mykje av makta hos presidenten som stats- og regjeringsoverhovud. Det partiet som har presidentembetet vil såleis lett kunne dominere nasjonal politikk, og ha maktpolitisk grunnlag for å sette til side interessene til andre etniske grupper. Maktpolitisk er det dessutan omstridd at ein i Kenya enno har det britiske systemet med fleirtalsval i einmannskrinsar. Dette medverkar ofte til maktkonsentrasjon rundt ei etnisk gruppering i valkrinsane. Naturleg er dette spesielt problematisk i multietniske valkrinsar. Aukande etnisk-politiske motsetnadar vert dermed fort gjengs i krinsane, noko som medverkar til politisk vald i valtider.
Den oppnemnde Grunnlovsrevisjonskomitéen har i november 2009 avlevert sitt utkast. Dette skal i sin tur leggast fram i ei folkeavstemning. Folkeavstemninga er planlagt rundt sommaren 2010, men tidsanslaga varierer med korleis ein bedømmer effektiviteten av parlamentshandsaminga av førsteutkastet.
Den nye Interimvalkommisjonen (IIEC) og Interim Valkrinsgrensekommisjon (IBRC) er kome i gong med sitt arbeid. Interim-organa skal mellom anna førebu den førespegla avstemninga om ein ny komande grunnlov samt førebu val, samt gjere endringar i dei ujamne og urettferdig samansette valkrinsane. Føremålet er også å parallelt byggje opp ein ny permanent valkommisjon, som skal ta over i 2010 etter grunnlovsutkastet er gått i gjennom. Begge dei oppretta kommisjonane er klar over den svært store oppgåva som ligger føre dei.
Waki-prosessen og oppgjeret med den politiske valden
Etter at Waki-kommisjonens frist for etablering av eit lokalt Spesialtribunal for dømming av dei skuldige i organisering og finansiering av valden etter valet gjekk ut i februar 2009, har ulike forsøk på å få dette på plass også mislukkast. Det verka klart at folk som frykta straffeforfølging stod bak denne motstanden, men også ei mindre gruppe progressive som genuint trudde at ei "kenyansk løysing" ikkje kunne avhjelpe kampen for å få slutt på straffefridomskulturen i Kenya grunna faren for politisk påverknad. Den internasjonale Straffedomstolen (ICC) handsamar no saka, og det ligger an til at ICC kan komme til å starte etterforskning på eit lite utval sentrale personar og grupper av mistenkte.
Kenya har tidlegare forsikra om at ein på si side vil nytte det lokale rettsvesenet til å følgje opp sakene. Ein har også vorte samde om å reformere rettsvesenet, politiet og ”dei etterforskande delane” av statsapparatet for å muleggjere forsvarleg etterforsking og sakføring. Regjeringa har også eina seg om å gjere Sannings-, rettferds-, og forsoningskommisjonen meir effektiv og representativ, men det er usikkert om ein her tenker seg denne som ein instans som skal dømme i saker vedrørande valden etter valet.
Korrupsjon
Eit reformområde som den førre regjeringa mislukkast i, og som den noverande synast å vere ute av stand til å handtere, er korrupsjon. Høgnivåkorrupsjonssakene frå den førre regjeringa er enno uløyste. Den såkalla Anglo Leasing saka og Goldenberg-skandalen har til no ikkje resultert i domfellingar. I tillegg har fleire nye saker rysta Samlingsregjeringa det siste året. Mellombels er det få kenyanarar som verkar å tru at regjeringa for alvor vil ta fatt i antikorrupsjonsagendaen, trass i stadige forsikringar om at korrupsjon vert teke på alvor.
Det viser seg stadig at det er ein stor utfordring å få nokon dømt i store korrupsjonssaker. Ein har heller aldri sett at nokre nasjonale politikarar har vore på tiltalebenken og vorte dømd trass alle påstandar og dokumentasjon om det motsette. Ei sterkt politisk leiarskap er såleis naudsynleg for å kunne endre eit utviklingsmønster som har ført til at Transparency International har plassert Kenya som korrupsjonsversting i Aust-Afrika på sin korrupsjonspersepsjonsindeks.
MR-situasjonen
Situasjonen for MR-førekjemparar har markert forverra seg over tid i Kenya. Det siste året har atskilleg spenning vore knytte til rapportar om utanomrettslege drap av politiet og valden etter valet, der styresmaktene har vore under kontinuerleg press innan- så vel som utanfrå. Ein del MR-førekjemparar har også i det siste året måtta opphalde seg utanlands grunna trugsmål mot eigen person. Spesialrapportør for utanomrettslege drap, Philip Alston, oppleva rett etter at han drog frå Kenya på si reise i vår at nokre av hans vitne vart trakkassert og truga. Den eine av to sivilsamfunnsaktivistar som vart drepne i mars 2009 var ein samtalepartnar for Alston. Styresmaktene har fått sterk kritikk for handteringa av sivilbefolkninga i ulike konfliktområde i Kenya dei siste 2 åra.
Utenrikspolitikk
Kenya var inntil 2008 en stabiliserende faktor i en del av Afrika preget av krig og interne konflikter. Tumultene etter valget ved årsskiftet 2007/2008 førte til at Kenyas evne og kapasitet til å fylle sin etablerte rolle som regional utenrikspolitisk stormakt ble hardt prøvet. Likevel har Samlingsregjeringen, særlig på det retoriske nivå, vektlagt regionale spørsmål og arbeidet for å styrke relasjonene til nabolandene, både politisk og økonomisk.
Kenyas utenrikspolitiske hovedprioriteringer har i en årrekke vært å begrense smitteeffektene av krig og konflikt i henholdsvis Somalia og Sudan. Innen rammen av IGAD har Kenya spilt en sentral rolle som tilrettelegger for fred og forsoning i forhold begge disse naboene. I sitt forrige IGAD-formannskap var Kenya også aktiv i arbeidet for å få på plass en AU-styrke i Somalia. Al-Shebabs militære framgang i store deler av sør-Somalia våren 2009 har også medført en ny hodepine for Kenya. Den kenyanske regjeringen finner at et ustabilt Somalia er problematisk, men ser på den typen politisk/religiøs ekstremisme som Al-Shebab står for som ennå verre med tanke egen sikkerhet og regional stabilitet.
I den senere tid har arbeidet med å få bukt med piratvirksomheten med utgangspunkt i Somalia vært en prioritert sak for Kenya. Somaliske pirater angriper ofte skip som har retning havnen i Mombasa, og bidrar dermed til økonomiske tap, forsinkelser, og fordyring av vareforsyningen. All den tid Kenya er et viktig transittland for mange land i regionen merkes dette også økonomisk i regionen. Samtidig har kampen mot piratvirksomheten involvert Kenya på en direkte måte i og med avtalen med bl.a. EU, USA og andre land om å ta i mot pirater for rettsforfølgelse og evt. fengsling. Frykten for å bli oversvømmet av pirater fra Somalia kommer ofte til utrykk blant den kenyanske befolkningen. Hvitvasking av løsepenger fra piratvirksomheten er også et stadig voksende problem for Kenya og kenyanere. Mombasa og Nairobi-bydelen Eastleigh er spesielt påvirket av dette, da prisnivået for boliger og forretningslokaler i disse områdene har steget kraftig.
Flyktningestrømmen fra Somalia til Kenya vedvarer og er blitt så stor at man har kapasitetsproblemer i å håndtere denne. I kjølvannet av dette har uroligheter oppstått på grensen til Somalia hvor somaliske militser gjentatte ganger har krysset grensen inn til Kenya og begått kriminelle handlinger som tyveri og kidnappinger.
Kenya er også vertskapsland for Eastern Africa Standby Brigades "koordinerings-senter" EASBRICOM, hvor Norge og andre internasjonale aktører bidrar med støtte.